tirsdag 3. november 2009

Problem satt under debatt

Det moderne gjennombrotet er ein periode rundt 1870 som tar for seg kunst- og litteratur på ein ny måte enn tidlegare. Nå blei romantikken og poetisk realisme avlaust av realisme og naturalisme. I denne perioden var det vanleg å trekkje fram problem som var sentrale i det skandinaviske samfunn, og setje desse under debatt i litteraturen. Ein slik litteratur prega av debatt og problemdrøfting fekk eit gjennombrot ikkje bare i Noreg og i Skandinavia, men også i resten av Europa.

Det som spesielt blei satt under debatt i det moderne gjennombrotet var tidlegare problem som før ikkje hadde fått serleg merksemd frå menneska og samfunnets kritikarar. Nå skulle ein drøfte desse problema og setje dei under debatt gjennom eit kritisk syn. Det er fleire problem som blei drøfta, og eg skal no ta for meg noen forfattarar i det moderne gjennombrotet og forklare kva for nokon problem dei valde å skrive om.


Bjørnstjerne Bjørnson var ein kjent norsk forfattar. Han valde å setje realismen og naturen i fokus, og søkte til den verkelege sanninga. Dette var mykje på grunn av den avstanden han etter kvart tok til kristendommen, og samtidig det nære forholdet han fekk til religionskritikarar og natur vitskapen. Dette gjorde at Bjørnson så meir realistisk på verden og menneskets eksistens. Bjørnson sette spesielt realistiske problem under debatt og så kritisk på tema som tok for seg naturen og realistiske motiv. Andre tema som Bjørnson kritiserte og drøfta rundt var økonomisk svindel, politikk og ideologiske synspunkt.



Ein annan kjent forfattar som satt problem under debatt var Henrik Ibsen. Hans verk fekk mykje merksemd i samtida, fordi dei tok opp tema som hadde ligge skult i samfunnet. Det var blant anna kvinnekampen han kritiserte og trakk frem i sine verk. Det kan ein sjå i ”Eit dukkehjem”, som tar for seg ekteparet Nora og Helmer, og deira problematiske ekteskap. Nora blir behandla som ein nikkedokke som berre må bøye seg for Helmer og hans meiningar og val. Nora tøyr ikkje å ta eit opprør, og lever i fortspor etter sin ektemann. Det ender likevel med at Nora tørr å rive seg laus frå samfunnet og krava som ligger til rette der. Det er eit slikt samfunnsproblem som gjorde Ibsen svært kjent, både i samtida og i dagens samfunn. Slike problem er fortsett relevante den dag i dag.

Om vi beveger oss ut frå Noreg og vidare i Skandinavia er det fleire kjente forfattarar som satt samfunnsproblem under debatt. Det var blant anna August Strinberg, ein sosialist frå Sverige. Han la vekt på dei mektige personane i samfunnet og deira innflytelse ovanfor resten av befolkninga. Strinberg så korleis desse forskjellane mellom rike og fattige påverka samfunnet i den grad at dei skapte undertrykking, der dei rike satt med makta og hadde styringsorganet. Han var også opptatt av kvinnekampen, som Ibsen, og meinte at stemmeretten var eit problem i samfunnet der kunn menn kunne seie sin meining.

Det var ikkje berre mannelege forfattarar og samfunnskritikarar som fekk oppmerksemd i det moderne gjennombrotet, men også kvinnelege. Det var blant anna Amalie Skram som var ein norskdansk forfattar. Hun tok opprør med den tradisjonelle kjernefamilien, og skreiv om kvinner som ville ta opprør med samfunnet og gå ut av ekteskapet. Tekstene hennes tok ofte for seg gifte kvinner som hadde gått inn i ekteskapet på feil grunnlag. På grunn av samfunnets forventingar og krav var det vanskeleg å gå ut av ekteskapet, og derfor enda det med at kvinnene for eksempel tok sjølvmord. Noko som er tilfellet i ”Constance Ring”.

Forfattarane i det moderne gjennombrotet tok mykje opp datidas tabulagte problem og sett dei undrer debatt i eit tradisjonelt samfunn prega av normer og regler. Tema som kjønnsroller, kvinnekampen, fridom ble stilt opp mot samfunnets krav og forventingar.

2 kommentarer:

Ingunn sa...

Fin oppsummering av sentrale forfattarar og deira arbeid i realismen. Dei var flinke, synest du ikkje?

Maria Elise Lone sa...

Hei Marie! Du har skrevet masse om flere av de mange dikterne som har satt store preg i samfunnet oppigjennom tiden, og jeg syns det var veldig bra at du klarte å skrive det som en sammenhengende tekst i stede for å bare ramse opp litt under hver person. Du har nevnt flere ting som jeg selv ikke hadde med da jeg skrev om det samme, så det var gøy å lese innlegget ditt. Jeg syns også det var bra du har vist til eksempler for å få fram poengene dine, eksempel "Et dukkehjem". =)