tirsdag 1. september 2009

Eit diskriminerande samfunn


Novella Matt. 1820 tar opp eit veldig viktig og stort tema som har vore relevant i ein årrekkje. Det går på diskriminering og forskjellbehandling av menneske basert på utsjåande, i denne samanheng farge på huda. Det som hender i novella er at ein stakkars neger blir kasta ut av kyrkje fordi han ikkje er kvit. Teksta er skrivi i 1967, noko som tyder på at mykje er forandra frå den tida. Sjølv om vi fortsett har eit samfunn der diskriminering er eit relevant tema så var det mykje verre før. At ein mørkhuda person kom inn i ein kyrkje for kvite menneska var heilt absurd og uakseptabelt, derfor enda det heile også med at negeren blei dømt til døden.


Verkemidla som får teksten til å bli så rivande og hjartelaus er for eksempel dei replikkane som blir sagt i kyrkja mot den stakars negeren: ”Få han ut! Se korleis han står å stirer på oss”, Sånne som deg skulle ein binde etter bilen og trekkje gjennom søla. Se og pell deg ut før eg drar til deg”. Det at negeren ikkje seier eit einaste ord gjennom heile novella er også eit slags verkemiddel på korleis følelse negeren har ovanfor samfunnet. Eg trur han kanskje er i sjokk over måten mørkhuda blir behandla på, og at han rett og slett har blitt heilt stum av denne forskjellsbehandlinga som eksisterte i ein så sterk grad i datidas samfunn.


Ein kan lære ganske mykje av å lese denne novella. For det første så får ein eit godt innblikk i korleis samfunnet var bygd opp på den tida med omsyn til diskriminering av hudfarge. For det andre så viser novella ganske tydelig kor lite samfunnet eigentlig har forandra seg på 50 år. Som sagt så er det ikkje like ille som den gongen, men diskrimineringa er fortsett tydelig tilstede i dagens samfunn. Noen steder i verden har også ”negere” forboden tilgang, noko som er tilfellet i novella. Det er ganske sjukt å sjå kor forskjellig menneska kan bli behandla kunn på bakgrunn av hudfarge. Vi er da alle dei same inni, og kvifor skal dit utsjåande definere kven du er som person? Eg syntes det er heilt forferdelig å tenke på at verden ikkje klarar å utvikle seg såpass framover at diskriminering og forskjellsbehandling basert på hudfarge fortsett er et relevant samfunnstema.

Ingen kommentarer: