søndag 1. juni 2008

"Engel" av Anne grete Hollup

Jeg har lest "Engel" av Anne Grete Hollup. Siden boken er på nynorsk har jeg tenkt til å reflektere rundt bokens tema og handling på nynorsk:


Engler er ein trist og vakker bok. Boken handler om ei fjorten år gammal jente, Vivi, som kjempar mot kreft. Reaksjonen hennar utviklar seg frå vantru, gjennom redsel, smerte og håp, til sinne. Vivi hadde akkurat flytta inn til byen, og alt var heilt nytt for henne. Menneska oppførte seg annleis og behandla henne på eit vis ho ikkje vae vant med. På den nye skulen hadde ho ingen venner, og mora var den einaste ho kunne prate med. Mora sat i ein liten verkstad heile dagen og forma skulpturar.


Vivi hadde heile livet vore sjukeleg opptatt av sjukdomar. Hadde ho vond i magen, var det streptokokkar, og kjende ho smerter i halsen, var det Borrelia. Ho slo opp i det medisinske leksikonet for å finne ut meir om sjukdomane, og nokon gonger gjekk Vivi så langt at ho ringde sjukehuset. Vivi blei plutselig sjuk, og det vardte i fleire dager. Foreldra hennar bestemte seg for å ta med Vivi til legen. Legen fann ikkje ut noko med eing gong, men han fann etter hvert ein merkeleg klump på baksida av låret hennar. Ho fekk beskjed om å dra heim og vente på svar frå legen. Ein dag ho kom heim frå pianoundervisinga, sat heile familien samlarundt kjøkkenbordet. Ho fekk vite at ho skulle legegs inn på Ullevål sjukehus. Legeb hadde funne noko.


Vivi blei sendt til ein avdeling der det berre var små barn uten hår på hovudet. Sjukepleiaren; Camilla, fortalde Vivi noko som skremde henne. Ho hadde fått kreft... Det var nokkon skumle celler i kroppen hennar, som stal mat og luft frå dei friske cellene. Sjølv om Viba alltid hadde trudde ho var sjuk, nekta ho å tru at ho hadde fått kreft. Vivi blei på sjukehuset i fleire veker. Leger kom og gjekk, satte sprøytar, behandla henne med cellegift og andre medisinar. Etterkvart utvikla Vivi eit ekte venskap med ein gut som heitte Jakob. Det støtta og oppmuntra kvarandre. Ho fekk også mykje godleik frå foreldra sine, det var like merka av sjukdomen som Vivi.


Sjølv om håpet til Vivi aldri blei borte, så heldt det ikkje. Det friske cellene klarte ikkje å vinne kampen mot kreftcellene. Livet til Vivi slutta tidleg, alt for tidleg. Ho kjempa til det siste, men klarte ikkje meir.

1 kommentar:

LK sa...

Tøft med et innlegg på nynorsk! Det virker også som en bok som er verdt å lese.